Lothepus i Stavang

Arrangementsinformasjon

Laurdag 1. september kjem sjølvaste Lothepus til Stavang.

Det blir konsert, fest og moro når hardhausen og sjarmøren frå Odda i Hardanger går på scena i den vesle bygda Stavang.

Etter konserten spelar Romklang opp til dans.

Følg med på Facebook for informasjon om tidspunkt mm.

Om Lothepus
Leif-Einar Lothe, som han eigentleg heiter, er kjend frå tv-serien «Fjorden Cowboys», men vart verkeleg ein rikskjendis då han vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017.

Ved sida av handtering av dynamitt, store maskinar og eit liv på kanten er Lothepus også artist. Han reiser land og strand rundt med sine supre kordamer og eminente band og trekkjer fulle hus i sjølv det mest fråflytningstruga bygdelag. På fremste rad står tenåringsjenter og lastebilsjåførar side om side og kan kvar ein song på rams!

Spørsmål?
Kontakt Steinar Svardal, tlf. 936 30 605.

Foto: Stian Servoss

Billettavgift vil ikkje bli refundert dersom arrangementet blir avlyst.

lothepus
stavang

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.
Kjøpt billett blir ikkje refundert.